Ved å bruke nettsidene våre samtykker du i at vi kan sette cookies i din nettleser.
Desember 1(1)
Hei kjære medlem🖋️
No har vi stått av nok ein vellykka julemarknad, og ein kjenner på stor takksemd for alle som kom av både utstillarar og kundar. Mykje folk og liv ni Fosstugun er det vi lev både av og for.
Og her nedve Prestfossen ventar vi ikkje berre på jul. Vi ventar også på at Lomslabben 2026 kjem fram til butikken vår frå fabrikken. Årets Lomslabb samla inn 30 000,- til Jotunheimen Privatistskule, og vi håpar neste års labb skal klare det same. Den kjem med nytt design, og i tillegg til S/M og M/L kjem den også til å kome i L/XL.
Også i år kjem det ei julehelsing frå oss til deg i Fjuken. Som medlem skal du jammen få helsing på forskot:
God jul!
red. Frikk
Legg igjen kommentar